«Alle andre saker er sett på vent. Dei vaksne er opptekne med å krangle.»


Ingen snur på dag ein.

Raudts Odd Arild Viste på veg inn til møte på partikontoret i Bergen i dag. Partiet er no under enormt press.
Publisert Publisert

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Denne veka skulle me fått ei endeleg løysing i bybanesaka.

I staden har me fått eit politisk kaos ikkje ein gong Bergen har sett makan til før.

Akkurat no er det ingen som vil ta ansvar for å styre byen. Og slik kan det bli verande lenge.

Rett nok har ordførar Rune Bakervik (Ap) sagt at partia må finne ut av ting innan måndag, men kva om dei ikkje finn ut av noko?

Belgia har verdsrekorden på nesten to år utan regjering. Lista er lagt, og Bergen likar jo ein god konkurranse.

La oss først samanfatte kor me står:

Og med det er stireleiken i gong. Kven kan stå imot presset lengst?

Dei no avgåtte byrådane Erlend Horn (V), Thor Haakon Bakke (MDG) og Roger Valhammer (Ap) rådslo under gårsdagens bystyremøte. Då visste dei allereie at dei skulle satse alt berre timar seinare.

Les også

Nå står Bergen uten byråd. – Setter et enormt press på Rødt.

Den no avgåtte byrådsleiaren Roger Valhammer (Ap) starta det heile onsdag kveld, med å spele så høgt som overhovudet mogeleg. Han la hovudet sitt på blokka, og lét bystyret kappe det av.

Det gjorde han vel vitande om at det politiske kaoset han då skapte, er han truleg den einaste som kan reparere.

Men Valhammer hadde heller ingenting å tape. For hadde ikkje han gått av, ville byrådet hans forvitra. Både Venstre og KrF hadde varsla at dei ville trekke seg. Valhammer hadde i realiteten ikkje kunna halde fram å styre.

No har han i staden sikra seg støtte frå Venstre og KrF i lang tid. Det skuldar dei han, som ofra seg sjølv for deira viktigaste sak – at Bybanen skal gå langs Bryggen.

Høgres Harald Victor Hove kan vere byens neste byrådsleiar. Men kor lenge han eventuelt kan sitje er svært uvisst.

For Høgre er heile bybanesaka blitt eit stort problem. Partiet som ein gong hadde Bergen i si hole hand, har mista grepet.

Berre sjå no: Høgre har vunne i bystyret i den mest prestisjefylte saka det siste tiåret. Likevel kan dei ikkje ta over styringa av byen, for dei har ingen venner som sikrar dei fleirtal. Dei har vunne slaget, men taper krigen.

Venstre og/eller KrF kunne vore dei vennene. Men så lenge Høgre står hardt på bybanetunnel kjem ikkje dei to sentrumspartia tilbake. Det øydelegg for Høgre no, og må ryddast av vegen før neste val. Viss ikkje kan Høgre gjere eit valskred og likevel ende i opposisjon.

Høgres frontfigur Harald Victor Hove prøver no alt han kan å mane til fornuft og at andre må gi seg. Det er ikkje berre eit forsøk på å vere statsmann, men også rein eigeninteresse.

Les også

Høgre vil ha tilbake kontrollen over Bergen. Men partiet har eit alvorleg problem.

Raudt er noko så sjeldan som eit fløyparti på vippen. Det skjer stort sett berre i saker som handlar om bybane og mistillit. Det fortel også litt om kvifor partiet nektar å kome Ap i møte.

Dei har lite og ingenting å vinne. Raudt blei raskt utelatne av byrådet etter valet i 2019, og har sjeldan vore invitert inn i varmen av Valhammer sidan. No blir det teke for gitt at dei snur i ei viktig sak, fordi alternativet er eit Høgre-byråd. Dei andre partia på venstresida vil høglydt gi Raudt skulda for dersom det skjer. Raudt på si side, nektar å godta premissen og peikar på at dei er motstandar av heile denne måten å styre byen på.

Høgres Harald Victor Hove blir intervjua utanfor ordførarens kontor. På innsida står Aps gruppeleiar Linn Kristin Pilskog og observerer.

Spørsmålet er kven som først tar skade av å etterlate byen er i eit maktvakuum. Til slutt når det ei smertegrense for eit parti, og dei må gi seg.

Arbeidarpartiet kan stå på sitt ei stund, men vil etter kvart bli skulda for å vere useriøse og ansvarslause dersom dei nektar å styre vidare.

Høgre kan prøve å styre, men prosjektet vil havarere. Kanskje må dei til sist slutte å oppfordre andre til å vere storsinna, og heller gi seg sjølv. Då kan partiet kome vidare og begynne å reparere forholdet til Venstre og KrF.

Raudt vil etter kvart bli utsett for enormt mykje press frå både Arbeidarpartiet, SV og fagrørsla. Og store deler av partiet ønskjer også å snu.

Enn så lenge er Bergen ein by ingen vil styre. Alle andre saker er i realiteten sett på vent.

Dei vaksne er opptekne med å krangle.

Publisert



Source link

Leave a Comment